Generelt

OPS kurs for FAU og foreldre ved BKG

Den 14. september, 15. september og 11. oktober arrangerer helsesykepleier og Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Region vest, OPS-kurs i samarbeid med RKBU Vest.

OPS!-kurset er for alle over 18 år som ønsker å lære meir om korleis oppdage menneske med sjølvmordstankar, og sørge for at dei får hjelp.

– Vi ynskjer at særleg foreldre skal få muligheit til å få den livsviktige kunnskapen om korleis forebygge sjølvmord, seier Annie Norevik (RVTS Vest) og Anne Marita Milde (RKBU Vest). Dei jobbar med opplæringsprogrammet Livet på timeplanen, som snart er implementert i alle bydelar i Bergen.

– OPS-kursa er eit kort kurs som gir auka merksemd på sjølvmordstankar, samt verktøy for korleis du kan gi innledande hjelp. Vi inviterer særleg foreldre til å delta, seier dei to, og oppmodar samstundes til å sjekke ut delen av Livet på timeplanen-nettsida som er for dei som har barn i skulen.

Målgruppe: Alle over 18 år som ønsker å lære meir om korleis oppdage menneske med sjølvmordstankar, og sørge for at dei får hjelp.

På kurset lærer du å:

  • komme forbi haldningsbarrierar som gjer at du ikkje oppdagar, avfeier eller unngår signal på sjølvmordstankar
  • oppdage menneske med sjølvmordstankar
  • bruke de fire trinna: fortell, spør, lytt og sørg for sikkerheit til å hjelpe personen med sjølvmordstankar i kontakt med ein som kan gi førstehjelp ved sjølvmordsfare/vidare hjelp 

Kurset nyttar ulike læringsmetoder som forelesning, film, diskusjon og praktiske øvingar.

For å melde deg på kurset må du trykke på lenken og følge anvisningene:

Oppmerksom på sjølvmordstankar, OPS! – Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (rvtsvest.no)

Back to list